Aud Gloppen: Bokminne fra barndommen
Jurymedlem i Årets vakreste Bøker, Aud Gloppen, forteller om et bokomslag fra barndommen som gjorde inntrykk.
Tyngda av boka i fanget. Opera på fjernsynet, regn ute, fyr i ovnen inne. Far min som vekselvis lyttar til musikken og kommenterer med oppglødd stemme.
«Musikkens verden» transporterer meg direkte til stova i barndomsheimen.
Eg måtte bruke begge hendene for å få den ut av bokhylla. Boka hadde ein lys, skinnkledd rygg, mange ganger breiare enn vanlege bøker, med eit elegant gullpreg. Motivet var ein mann og ei kvinne som saman løftar opp ei lyre, det klassiske musikksymbolet.
Permane av tre, heilt utan dekor, likte eg aller best. Mahogni, var det visst. Dei gav eit varmt og solid inntrykk. Boka si utforming gjorde meg både roleg og spent. Den romma jo heile musikkhistoria, framstod uendeleg rik. Den var full av forteljingar om komponistar sine dramatiske liv, foto å fortape seg i, infløkte noteeksempel og musikkuttrykk, tolkingar og handlingsreferat.
Musikkleksikonet «Musikkens verden» kom ut i 1951 (2. utgåve 1963) og tek primært for seg den vestlege klassiske musikken. Boka er på over 3200 sider og veg 3,4 kilo.
- Aud Gloppen
Aud Gloppen startet i 2005 Blæst design sammen med gode design-kollegaer. Hun har særlig arbeidet med utforming av bøker og tidsskrift. Før Blæst jobbet hun mange år i Bokklubben og i Cappelen Forlag. Gloppen har vunnet flere priser i Årets vakreste Bøker. I 2000 fikk hun Bokkunstprisen. Hun ble nylig ansatt som designsjef i avisa og forlaget Vårt Land. Gloppen underviser også i redaksjonell design ved NTNU Gjøvik.